Osterøy IL - Klubbhåndbok Fotball - Flipbook - 39
3. Klubben skal informere utøvaren og deres føresette om denne beredskapsplanen, både ved
sesongoppstart og på foreldremøte, minimum ein gong per år.
4. Denne beredskapsplanen skal være lett tilgjengeleg på klubbens heimesider
Ved bekymring: (Gjelder alle)
Det er viktig å presisere at dersom nokon har mistanke om seksuell trakassering eller seksuelle
overgrep skal ein varsle om dette, enten man er forelder, del av støtteapparatet eller utøver.
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Informer representant for beredskapsgruppa - ikkje involver andre før etter avtale.
Begynn å skrive loggbok - noter observasjonar
Er du usikker; konsulter ein av dei instansar som er nemnt i denne beredskapsplan. Ikkje
vent for lenge før du/de konsulterer andre
Beredskapsgruppa har ansvaret for å melde bekymringa til barnevern/politi, men du har
ein sjølvstendig varslingsplikt dersom dei ansvarlege ikkje varslar og du framleis meiner
det er grunn til å tru1 at barnet er utsett for seksuelle overgrep.
Klubbens representantar er ikkje etterforskarar. Ikkje still ledande spørsmål til barnet
Lytt til barnet og vis at du tar barnet på alvor. Unngå å styre samtalen. Gjenta utsegn som
barnet kjem med, slik at barnet evt. kan korrigere om du har forstått feil. Noter ned
barnets uttalelsar eller anna, etter samtalen.
Vær ærleg i forhold til det som skal skje. Vær realistisk.
Lov aldri noko du ikkje kan holde – ein må aldri love barnet tausheit om det ein får vite
Gløym ikkje søsken.
Forbered deg mentalt og følelsesmesseg på at betroelsar kan komme.
Dersom akutte overgrep oppstår: (Gjeld alle)
Ta om mogleg kontakt med representant for beredskapsgruppa, som kontaktar politiet. Ta ellers
sjølv kontakt med politiet.
1.
2.
3.
4.
5.
Trøyst og omsorg
Kontakt politiet
Ikkje skift klede på barnet
Eventuelt brukt tøy pakkes inn i papir – ikkje plast!
Ikkje bad eller vask barnet.
Handlingsalternativ ved bekymring: (Klubbens ansvar)
1. Trakassering.
Beredskapsgruppa bør avhalde separate møter med begge parter. Avhengig av utfallet av
samtalene, må gruppa vurdere om den skal iverksette eventuelle reaksjonar mot
vedkommande som har trakassert, for eksempel oppsigelse, fratakelse av oppgåver,
idrettslege sanksjoner eller politianmeldelse.
1
Det er nok med en mistanke støtta av ei hending
39