Osterøy IL - Klubbhåndbok Fotball - Flipbook - 49
Utbetalingar til personar, skattetrekk, arbeidsgjevaravgift, moms og skatt:
1. Dagleg leiar eller leiar må kontaktast før det blir inngått avtale om utbetaling av løn/honorar
til personar i gruppene. Nødvendige Løns- og trekkoppgåve til det offentlege blir utskrive av
dagleg leiar med grunnlag i bilag frå gruppene over utbetalt løn/honorar i rekneskapsåret.
2. Dersom samla lønsutbetalingar er mindre enn kr 800 000,- i året, og ein einskild lønstakar
ikkje får meir enn kr 80 000,- betalar ikkje laget arbeidsgjevaravgift.
3. Godtgjersle til trenar, dommarar, tillitsvalde er skattepliktig løn.
4. Samla lønsutbetaling til ein person mindre enn kr 10 000,- Dersom beløpet er høgare skal
det trekkjast skatt av heile summen.
5. Utgiftsgodtgjersle som blir utbetalt til dekning av medlem sine utgifter for laget mindre enn
kr 10 000,- er skattefritt. Større utgiftskompenasjon enn 10 000 kr,- er oppgåvepliktig og skal
lønsinnberettast. Det er ein klar føresetnad et gyldige bilag vert levert inn før utbetaling.
6. Dersom det er føreteke utbetalingar utan gyldig dokumentasjon vil dette verta innberetta
som løn på vedkomande i samband med årsoppgjeret.
7. Det er ein felles skattetrekkskonto for OIL der skattetrekk skal setjast inn når løn blir utbetalt.
Dagleg leiar sender skattetrekket vidare til kommunen.
8. Det skal reknast moms av inntekter som etter lova fell inn under avgiftsplikta. For
organisasjonar som OIL skal det berre reknast moms av moms- og skattepliktig inntekt over
kr 140 000,- I reglane er det nærare definert kva inntekter som er avgiftsfrie og
avgiftspliktige. Dagleg leiar har kopi av desse.
Bokføring – praktisk arbeidsdeling mellom dagleg leiar og økonomiansvarleg:
Rekneskapen for OIL blir ført av dagleg leiar. Det blir ført rekneskap for kvar gruppe og samla for
heile laget. Rekneskapsmateriellet inkl. rekneskapsrapportane blir etter bokføring arkivert på
kontoret i klubbhuset, og er tilgjengeleg for den einskilde gruppa.
Økonomiansvarleg sitt ansvar når det gjeld rekneskapen blir etter dette:
1. Syta for at gruppa sin økonomiske aktivitet blir driven etter gjeldande reglar, samt
økonomikontroll innanfor vedteke budsjett.
2. Ha nær kontakt med dagleg leiar som fører rekneskapen for alle gruppene.
3. Disposisjonar som avvik vesentleg frå vedteke budsjett skal dokumenterast med kopi av
styrevedtak.
4. Stå for alle utbetalingar og ta hand om alle rekneskapsbilag i gruppa, og syte for at desse
stettar krava til dokumentasjon. Det er viktig at bruken av kasse/kontantar vert avgrensa til
eit absolutt minimum og at så mykje som mogeleg av inn- og utbetalingar skjer over
gruppa sin bankkonto. Dette er med på å auka kontrollen. Dersom kasse blir nytta må det
førast kassebok slik at det er mogeleg å kontrollera kassekontoen i rekneskapen i ettertid.
5. Å kontera bilaga i samsvar med gjeldande kontoplan..
6. Bilaga skal sorterast etter dato og leverast i bunker for inngåande faktura, bankbilag og
kassabilag.
7. Kontrollera at alle utgiftsbilaga er tilvist av den som har fullmakt til dette.
8. Oppteljing av kontantar skal gjerast av to personar, desse skal også underteikna på bilaget.
9. Sende inn bilag til kontoret i samsvar med oppgitte fristar.
49