Osterøy IL - Klubbhåndbok Fotball - Flipbook - 51
Rutine for avtalar som forpliktar Osterøy IL
Med utgangspunkt i Norges Idrettsforbunds lovar skal alle avtalar som forpliktar idrettslaget juridisk,
godkjennast av dagleg leiar, jf tildelt signaturrett. Det gjeld for tilsetjing, inngåing av
marknadsavtalar og andre avtalar som bind idrettslaget juridisk eller økonomisk. Når det gjeld
marknadsavtalar som gruppene ynskjer å inngå skal desse vera ferdigforhandla, og underskrivne av
sponsor før den vert signert av dagleg leiar. Avtalar som endrar prinsipp vesnetleg kan desse verta
lagt fram for hovudstyret først. Dagleiar og hovudstyret kan nytta seg av retten til å underkjenna
avtalen dersom det er ein sponsor som Osterøy IL ikkje ynskjer å bli satt i samanheng med, eller at
innhaldet i avtalen stiller urimelege krav ovanfor Osterøy IL. Om ein er i tvil om ein avtale heldt seg
innanfor gitte rutiner, skal ein kontakte dagleg leiar i forkant.
51