Osterøy IL - Klubbhåndbok Fotball - Flipbook - 48
Rutiner for økonomiansvarlege
Rekneskapen for OIL. skal førast etter ”Regnskaps- og Revisjonsbestemmelser for Norges
Idrettsforbund og Olympiske komite”. Etter desse reglane skal det førast rekneskap som gjev korrekt
bilete av laget/gruppa sin økonomi i rekneskapsåret, og som skal vise den økonomiske stillinga ved
rekneskapsavslutninga. Rekneskapet skal i tillegg til NIF sine reglar også vere i samsvar med
gjeldande norsk lovgiving m/forskrifter og retningsliner.
Rekneskapsår
Rekneskapen følgjer kalenderåret.
Rekneskapsprinsipp
Rekneskapet skal førast etter rekneskapsprinsippet, dvs. at alle inntekter skal registrerast i den
perioden dei er inntente, og alle utgifter skal registrerast i den perioden dei er påløpt. Dette inneber
at rekneskapen skal vise alle fordringar, gjeld og andre forpliktelsar. Inntektene skal bokførast med
bakgrunn i faktura eller avtaler underskrivne av alle partar. jf. Lov for store og mellomstore idrettslag
og for å kunne gje ei tilfredstillande samlerekneskap for heile idrettslaget. Skal vera i samsvar med
god rekneskapsskikk.
•
•
•
Rekneskapen skal førast etter bruttoprinsippet, det vil sei at alle inntekter og utgifter skal
bokførast kvar for seg.
Varelager for vidaresal skal verdsetjast i rekneskapen til minste verdi av anten innkjøpsverdi
eller framtidig salsverdi.
Idrettsmateriell skal utgiftsførast i det året det er kjøpt.
Kvar gruppe har ansvar for:
1. Eige arkiv/register over inventar, premiar og materiell for vidaresal. T.d. innkjøpte
treningsdrakter.
2. At utstyr av varig verdi skal førast i eige skjema som følgjer årsoppgjeret. Opplysningar som
er naudsynt: Type vare, innkjøpsdato og innkjøpsverdi.
Rekneskap og bilag skal oppbevarast i minst fem år etter utløpet av rekneskapsåret. Dagleg leiar tek
ansvaret for dette etter kvart rekneskapsår.
Bilag
1. Kostnadene skal vere legitimert med originalbilag der alle nødvendige opplysningar går fram.
Bilaga skal vere attestert av leiaren i den einskilde gruppa eller den som gruppene gjev
fullmakt. Dette jf fullmaksmatrise vedteken av hovudstyret
2. Inntektene skal vere legitimert med bilag, t.d. fakturakopi, kopi av avtaler, salsoppgjer,
girokvitteringar og liknande.
3. Rekneskap for eigne arrangement skal førast på eige skjema, som skal underteiknast av to
personar.
4. Bankkonto skal disponerast av dagleg leiar og controllar.
5. Rekneskapen skal vere tilfredsstillande à jour til ei kvar tid, dvs. bokføring og
rekneskapsrapportar skal leggjast fram i samsvar med gjeldande organiasjonsplan.
48