Osterøy IL - Klubbhåndbok Fotball - Flipbook - 53
8. Anlegg og utstyr
Osterøy IL fotball nyttar i hovudsak fire anlegg i aktiviteten sin:
•
•
•
•
•
Osterøy stadion kunstgras.
o Dette er ei kunstgrasbane på 100x64 m, nybygd og opna i 2009 og i Osterøy IL sitt
eige. Bana vert drifta med via ei vedlikehaldsnemnd i regi av fotballgruppa og dagleg
leiar etter føringar gitt av leverandør. Ein har traktor med kvalitetshorv tilgjengeleg
og ein prøver å leiga inn anna naudsynt utstyr til vedlikehald ved behov. Det vert ytt
driftstilskot frå Osterøy kommune fordelt via Idrettsrådet i Osterøy.
Osterøy stadion gras
o Dette er ei naturgrasbane på 106x66 m. Bana vart ombygd frå grus i 2003 med
tilhøyrande fast dekke for friidrett opna i 2004. Anlegget er eigd av Osterøy
kommune. Friidrettsdekket vart fullt rehabilitert i 2020. Driftsansvaret her ligg til ei
anleggsnemnd der både friidrettsgruppa og fotballgruppa er representert med
dagleg leiar har det øvste ansvaret. Det ligg føre retningsliner for vedlikehald og
maskinparken er tenleg. Større vedlikehald som fresing av toppdekket leiger ein inn
via ekstern leverandør. Det vert ytt driftstilskot frå Osterøy kommune fordelt via
Idrettsrådet i Osterøy.
Osterøyhallen
o Osterøyhallen er ein fleirbrukshall med ei handballflate på 20x40 m opna i 1998.
Fotballgruppa nyttar denne til innandørs trening om vinteren og etter behov. Hallen
vert i tillegg brukt til garderobar for all uteaktivitet og toalettfasilitetar for publikum
og gjestar. Osterøyhallen er eigd av Osterøy kommune og drifta av Osterøy Aktiv AS,
eit heileigd kommunalt aksjeselskap. All bruk av hallen må det betalast leige for. Det
er bygd tribune med tak samt kiosk langs vestre vegg i hallen, der hallen har lager i
første etasje. Fotballgruppa betalar leige for eit møterom som ligg i første etasje der
det både er direkte tilgang frå kunstgrasbana og frå hallen. I tillegg til møterommet
vert det betalt leige for eit lagerrom til ballar, vestar med meir. Traktor til vedlikehald
vert òg sett inn her om vinteren.
Klubbhus
o Osterøy IL har eige klubbhus på om lag 550 m2 og ligg ved Osterøy stadion gras.
Dette vart bygd 1992 med siste påbygg/ombygging midt på 2000-talet. Det er
hovudstyret som har driftsansvar for bygget og gruppene brukar dette til
vederlagsfritt til ulike møter og samlingar.
Utstyr
o Osterøy IL, fotballgruppa eig i hovudsak berre forbruksutstyr som er idrettsspesifikk.
Alt anna er det Osterøy IL ved hovudstyret som eig og disponerer.
o Gruppa har pt ikkje utstyr som kan lånast, men dette vert det arbeidd med.
o Kvart lag får naudsynt utstyr til aktivitet som ballar, kjegler, medisinsk utstyr og
kampdrakter.
o Treningsavgifta dekker i løpet av ein treårsperiode overtrekksgenser og bukse til kvar
spelar.
o Keeperar får dekka hanskar av klubben.
o Alt anna naudsynt utstyr må spelarane dekka sjølve.
53