METAFORUM SEPTEMBER 2019 - Side 38



Systemisk Kafè - Littera
«Eg har 200 døtre»
Vi er på Systemisk kafé på Litteraturhuset. På scena sit
Kristin Mettenes, leiar for Bokollektivet ved Oslo
Krisesenter og Hege Elisabeth Wathne, familieterapeut
ved Christiania Torv Familievernkontor og mangeårig
medlem av Systemisk kafé-komiteen i Oslo.
Tek st : Astrid Kleppe Flackè
Dei ser ganske avslappa ut, men eg innbiller
meg at dei er litt spente. I systemisk
kafé-komiteen i Oslo har vi lenge hatt eit
ønske om å invitere Kristin, og endeleg er ho
her.
Hege introduserer Kristin og det kjem
tydeleg fram at ho kjenner Kristin godt
gjennom samarbeid mellom Bokollektivet og
Familievernet i Oslo.
38
Metaforum - September 2019
Eg forstod raskt at eg måtte skrive dett på
nynorsk. Kristin si dialekta frå Førde kling så
vakkert i rommet og let seg ikkje formidle på
bokmål.
Kristin skildrar eigen barndomsheim. Ein
heim fylt med mykje kjærleik og omsorg, og
ho ser tydeleg at bakgrunnen har vore med
på å forme henne til den ho er. Kristin toler
ikkje urettferd. Ho vil at folk skal ha det bra.

Paperturn



Powered by


Fullskjerm Klikk for å lese
Paperturn flipp bok
Søke
Oversikt
Last ned som PDF
Skriv ut
Handlevogn
Fullskjerm
Avslutt fullskjerm