METAFORUM SEPTEMBER 2019 - Side 39



aturhuset i Oslo
Mora passa ikkje inn i miljøet
ho kom frå, eit strengt og
pietistisk miljø på Sørlandet.
Ein heim fylt med mykje kjærleik og omsorg,
og ho ser tydeleg at bakgrunnen har vore
med på å forme henne til den ho er. Kristin
toler ikkje urettferd. Ho vil at folk skal ha det
bra. Kristin skildrar mor si som ein opprørar.
Mora passa ikkje inn i miljøet ho kom frå, eit
strengt og pietistisk miljø på Sørlandet.
Miljøet der stod i sterk kontrast til miljøet
ho var med på å skape kring Kristin sin
oppvekst i Førde.
Det var ikkje krisesenter i Førde, men
heimen kunne innimellom fungere som det.
Ho opplevde stadig kvinner som overnatta
der. Opplevingane sette spor. Ho skildrar
korleis ho samla på følelsane opplevingane
skapte. Tidleg vart ho bevisst på å samle på
følelsane desse opplevingane skapte og
tenkte at ho måtte huske dei. Kanskje kunne
ho ha nytte av dei seinare.
Kristin er nysgjerrig på andre menneske. Ho
fortel at vi er så ulike, men blir vi kjende, ser
vi at mykje er likt. Menneske ho har møtt på
Bokollektivet ber på ekstreme opplevingar,
men står likevel på to bein. Eit typisk utsegn
frå Kristin i samtalen er dette: «Jentene trur
no at eg er der for å hjelpe dei. Dei veit
ikkje at det er eg som lærer av dei». Ho
fortel vidare at dei tilsette og jentene ikkje
er likestilte, men dei er så absolutt
likeverdige.
Kristin er utdanna ved Kempler-instituttet i
Danmark og Hege lurer på kva ho har tatt
med derifrå. Ho fortel om ei anna
Metaforum - September 2019
39

Paperturn



Powered by


Fullskjerm Klikk for å lese
Paperturn flipp bok
Søke
Oversikt
Last ned som PDF
Skriv ut
Handlevogn
Fullskjerm
Avslutt fullskjerm